Du er her

Blanda nytt på Sima 2017

Sima-utstillinga i Paris samlar alle dei viktige europeiske maskinprodusentane, og her er mykje nytt, sjølv om vi ikkje finn så mange av dei store lanseringane.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 28.02.2017 00:14

Ein gjennomgåande trend, som både utstillarar og messearrangøren framhevar, er den gryande robotiseringa av landbruket. Det som er nytt i den kategorien, er at også utandørsmekaniseringa tar til å bli automatisert. Her i landet er vi mellom dei fremste i verda på robotisering i husdyrhaldet, med automatisert identifisering, fôring, mjølking, gjødselskraping, lysstyring, ventilasjon, brunstkontroll og så vidare. Men no er det altså planteproduksjonen som står for tur.

Stort eller smått?

Det er sjølvstyrte, gjerne også kalla autonome, traktorar som står øvst på lista når CaseIH og New Holland heldt pressekonferansane sine. Rett og slett store standardtraktorar utan førar. Du som les Bedre Gardsdrift regelmessig har sett desse prototypane tidlegare.

Hos John Deere gjekk elektronikk-merksemda i motsett retning: Der var det mikrosensorar som prega den franskspråklege pressekonferansen. Om vår mann, som ikkje er aldeles stø i landbruksfransk forsto det rett: Små sensorar som blir monterte i slangane på stripespreiaren, slik at du kan presisjonsgjødsle nesten for kvar enkelt plante med husdyrgjødsel. Sjølvsagt viste også John Deere innmaten til prototypen av den elektriske traktoren sin. Den kjem vi tilbake til.

Mange forskingsinstitusjonar er i ferd med å utvikle små sjølvgåande robotar til planteproduksjonen, mellom dei norske Thorvald. Alle desse tar til å rulle ut på åker og eng, men enno er det nok ei stund til du kan parkere dagens dieseltraktor for godt.

Hos Claas er det flåtestyring som står høgast på saklista når landbrukspressa skal informerast. Dersom du har sånn omlag 100 maskiner i arbeid på garden, er dette verkeleg eit nyttig verktøy. Ein av funksjonane er at om til dømes treskartanken nærmar seg full, bestiller treskaren sjølv traktor med kornvogn. Dette er særleg nyttig når ein armada av treskarar arbeider på same åkeren, gjerne omgitt av støv eller mørke. I framtida vil funksjonaliteten her kunne gå via smarttelefonen, og ikkje berre via terminalane på traktor og treskar. Og ser vi enda litt framover, er nok systemet ein forsmak på kva styringssystem som må til i eit meir robotisert landbruk. 

Den eine heilt nye traktoren

Med dette som bakteppe, er det kan hende ikkje til å undrast over at nyhendet som kuppa årets Sima både her i landet og for besøkande frå mange andre land, er Valtras nye A4-serie. Ikkje minst i det perspektivet at vi ser enden på ein av dei lengstlevande traktorkonstruksjonane i historia, i og med at røtene til den utgåande A-serien strekkjer seg godt og vel 45 år bakover i tid.

Alt av interesse finn du i Bedre Gardsdrift

Sjølv om dei store traktorleverandørane ikkje tok med seg dei aller største nyheitene, har Bedre Gardsdrift som vanleg tråla messehallane med finmaska nett. Og som vanleg har vi mykje snop å by på, berre vi får sortert fangsten. I komande utgåver av Bedre Gardsdrift kan vi love side på side med nytt frå Sima, eksklusivt for abonnentane våre!

 

Nøkkelord
Faktaboks

Sima-utstillinga finn stad i Paris frå 26. februar til 2. mars 2017. Sima er ei av få store internasjonale landbruksutstillingar, grunnlagt i 1922. Der er 1770 utstillarar frå 42 nasjonar, og det er venta nær 250 000 besøkande. I 2015 var dei besøkande frå 142 nasjonar. 74 prosent var bønder, 12 prosent frå maskinbransjen og 11 prosent frå andre landbrukstilknytte firma.