Du er her

Blæstad kan bli lagt ned

Styret for Høgskolen i Hedmark vil flytte undervisninga på Blæstad til Hamar sentrum. I verste fall kan landets einaste høgare utdanningar i landbruksteknikk og økologisk landbruk bli borte.
Av Anonym
Publisert 01.12.1999 12:00

I ei melding med den underlege overskrifta "Full enighet om satsing på naturfagene" på Høgskolen i Hedmark sine nettsider blir vedtaket sitert. Det går fram at skulen vil slutte å bruke Blæstad til undervisning. I staden skal studentane flyttast til Hamar sentrum, der høgskulen også driv lærarutdanning. Dette skal skje snarast råd, og seinast innan skuleåret 2004/2005.

Omlegginga vil føre til ekstrakostnader til husleige og flytting. Praksisundervisninga i landbruksfaga skal flyttast til Jønsberg, der det krevst mykje pengar for å gjere forholda eigna for høgskuleundervisning. Jønsberg er i dag ein vidaregåande skule med landbruksundervisning.

Høgskulestyret forventar at undervisningsdepartementet fullfinansierer ekstrakostnaden ved ei flytting. Høgskulestyret ventar også at fylket og andre bidrar med pengar. Om det ikkje skjer, har høgskulestyret vedtatt en rask utfasing av landbruksfagene.

Nedleggingsspøkelset har i mange år truga Blæstad. I kva grad departement, fylke eller andre vil dra store setlar opp av sekken for å sikre landbruksfaga, kan ingen svare på i dag. Med andre ord kan vedtaket i verste fall bety at Noreg ikkje er i stand til å gi høgare utdanning i landbruksteknikk eller økologisk landbruk etter 2004. Frå før finst ingen tilsvarande undervisningstilbod i Norden, eller i andre land der landbruket liknar det norske.

I beste fall kan landbruksfaga halde fram etter dagens studieplan, men med undervisning andre plassar enn på Blæstad.

Til så lenge vil skulen drive som før, med same undervisningstilbod som i dag. Med andre ord er det smart å søkje seg til desse utdanningane snarast råd, om du har tenkt å studere økologisk landbruk eller landbruksteknikk.