Du er her

BG sterkare i Årets Traktor

Bedre Gardsdrift er internasjonalt anerkjent som det fremste norske landbruksmaskinbladet. No styrkar vi vår posisjon i juryen for Årets Traktor.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 27.12.2007 00:05

Gjennom fleire år har Jogeir M. Agjeld frå Bedre Gardsdrift representert Norge i den europeiske juryen for Årets Traktor, offisielt kalla Tractor of the Year. Her er leiande landbrukstekniske tidskrift frå heile Europa representert. Kåringa blir av stadig fleire sett på som den viktigaste prisen til landbruksmaskiner i Europa
Sterkare stilling
Bedre Gardsdrift styrkar no posisjonen som norsk jurymedlem. I tillegg til Jogeir M. Agjeld, kjem vår journalist Magnus Østby som ein partner i juryen. Dette fører til at vi kan følgje opp kåringa enda betre.
Den norske stemma blir høyrd
Bedre Gardsdrift er ingen smågut i klassen. I denne kåringa har alle stemmer lik vekt, så den norske røysta er like avgjerande som den tyske eller slovakiske.
Men det er ikkje berre i avrøystinga i finalen at kommentarane våre har noko å bety. Bedre Gardsdrift har også gitt innspel til regelendringar, og vi har tatt fleire andre initiativ som har vore med å styrke arbeidet til jurymedlemmene.
Nyttig for deg
Bedre Gardsdrift har som mål at vår deltaking i juryen skal vere med på å styrke bladet, og gi deg som lesar eit bedre og nyttigare fagtidsskrift. Ein måte å få til det på, er at vi har kontakt med andre dyktige journalistar innan faget vårt. Ein annan måte er å sikre seg førstehands kjennskap til maskiner direkte frå leverandørane. Med vår styrka deltaking i juryen for årets traktor, vil fordelar som dette komme deg som lesar enda betre til gode.