belte-l.jpg

Beltet skal brukast!

Reglar og sunn fornuft seier det same: Ved alt anna enn trygg og roleg småkøyring skal du bruke setebelte i traktor. Enklare og billegare sikring mot alvorleg skade og død finst ikkje.

Publisert

Stundom får vi spørsmål om kva lovverket seier om bruk av belte i traktor, kva lover som regulerer dette og så vidare. Å gå djupt inn i dei ymse lovene på området er einast er av akademisk interesse.

Belte=fornuft

På dette området er essensen av regelverket samfallande med sunn fornuft. Ved all køyring der det er risiko for velt eller anna som kan kaste føraren ut av setet, skal beltet brukast - punktum. Dette gjeld både førar og passasjer. I kvardagen betyr dette at du har til vane å alltid bruke belte. Så kan du la vere å bruke det om du flyttar tomkassar heime på eit flatt og trygt tun, om du plukkar stein i greitt lende, ved kopling av reiskap og anna småkøyring i låg fart. Straks farten aukar, når traktoren ferdast langs veg, eller når terrenget kan kome til å by på ei eller anna ujamnheit, skal beltet på.

Hoppe ut?

Nokre bønder kjem med innvendingar omlag som dette: – Når eg køyrer på dei bratte jorda mine, brukar eg ikkje belte. I tilfelle eg skulle velte, rekk eg jo ikkje å få av meg beltet for å hoppe ut. Her er det verkeleg grunn til å rope varsko. Om ein traktor veltar, er det berre ein plass som er trygg å vere, og det er inni traktorhytta. Den er bygd for å tole brutalt mykje juling, og heile poenget med hytta er at den skal verne føraren om noko går gale. Køyrer du i ein bakke der traktoren ikkje kjem til å stoppe om han veltar, skal du ikkje køyre der. Å risikere livet ved å køyre bratt med traktor er å drive gard med uakseptabelt høg innsatsfaktor. La oss ta for oss realismen i det å hoppe ut av ein veltande traktor: Den normale reaksjonsmåten når ein traktor tar til å velte, er å kontrastyre for å prøve å få alle hjula ned på jorda att. Om det ikkje går, skal du altså - mens traktoren er i rotasjon - kome deg opp frå setet, opne ei stor, tung dør motsett veg av dit tyngekrafta drar den, deretter kome deg ut av denne døra og hoppe så langt at du ikkje blir råka av deler på verken traktor eller reiskap, og alt dette skal skje i løpet av noko slikt som brøkdelen av eit sekund. Har du evner til klare dette, burde du for lenge sidan hatt stjernestatus på eit leiande internasjonalt sirkus.

Statistikken er eintydig

Å sette opp tabellar eller grafar som viser effekten av å bruke belte trengst ikkje, for svaret er aldeles eintydig: Bruk av belte bergar liv, og føraren får gjerne små eller ingen skader. Manglande bruk av belte fører ofte til alvorleg skade eller død, sjølv ved ganske moderate ulukker. Bedre Gardsdrift har sjølv samla informasjon og snakka med politiet og stundom også arbeidstilsynet og pårørande i etterkant av dei fleste alvorlege ulukkene med traktor i Noreg dei seinare åra, uansett om det er å rekne som ei arbeidsulukke eller ei ulukke av anna slag der traktor er involvert. Ei tilsvarande breidde i bakgrunnsinformasjon om traktorulukker er det ingen andre som samlar inn. Dersom traktoren har velta, eller det har skjedd ei ulukke langs veg, spør vi sjølvsagt om den eller dei som var i traktoren brukte belte. Er svaret nei, er som regel minst ein person omkomen.

Ditt val

Kva lovene, vegstyresmaktene, arbeidstilsynet, forsikringsselskapa eller andre seier om formelle krav til beltebruk er difor lite interessant. Det avgjerande spørsmålet er om du tar sjansen på å bli invalidisert, eller om du heller brukar nokre sekund ekstra når du set deg i setet. Du veit aldri kva som skjer, men du veit litt om korleis du kan sikre deg mot at det verste skulle skje.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS