Du er her

Belte-påbod?

Landbruksministeren ytrar at han vil påby bruk av belte når du køyrer traktor langs veg. Vi er heilt samde i målet om beltebruk, men vegen dit går ikkje gjennom eit nytt påbod.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 16.04.2010 08:15

 

Vi treng ikkje nye reglar for bruk av belte på traktor. Er det fare for velt, har vi reglar som seier at du skal bruke belte, og alle traktorar skal vere utstyrte med belte. Det treng ikkje vere meir avansert enn det.

Risikoen for å bli stoppa i beltekontroll med traktor er så nær null som det går an å kome. Bøter og politi-peikefingrar langt frå er det som skal til for å motivere bonden til å sikre seg. Problemet er at forunderleg mange bønder ikkje forstår meininga med beltebruken. Den viktigaste sikringa mot å bli alvorleg skadd ved velt ligg urørt, og like urørt vil det ligge om det kjem enda ei form for påbod.

Omgrepet "Fare for velt" er i våre auge veldig greitt: Ved all vegkøyring, og all køyring elles der farten er litt over middels, kan ein traktor velte. I bratt terreng er faren soleklar. Hugs også veltefaren med tung lass, ved kryssing av veggrøfter og alt slikt. Belte er rett og slett noko du støtt brukar, med unntak av slikt som roleg kopling av reiskap heime på tunet, eller flytting av traktoren nokre få meter under steinplukking.

Om traktoren går rundt, er du trygg inni her. Dersom du sit fastspent, vel å merke.

Bedre Gardsdrift har i mange år følgd med på alt som skjer av traktorulukker. I forfjor kunne truleg minst fire liv vore berga om setebeltet var brukt. Når vi ringjer politiet etter ei traktorulukke med alvorleg utfall, er det heilt naturleg å spørje om beltet var brukt. Som regel er svaret nei.

Det trengt ingen utval eller utgreiingar for å slå fast at bruk av belte er det enklaste, mest fornuftige og mest effektive tiltaket mot alvorleg skade eller død ved traktorkøyring. Ingen klarer å knipe hardt nok fast i rattet til å berge seg med det. Setet er einaste sikre plassen å vere om traktoren går rundt, punktum.  
Problemet er berre å få vanen. Då vi køyrde den store trinnlaustesten i fjor haust, var det ingen som stussa over å bruke belte. Der hadde vi åtte profesjonelle traktorførarar. Dei tenkte tryggleik, og såg det som heilt naturleg å spenne seg fast før dei køyrde. Eg sjølv tenkjer med gru tilbake på tida før eg monterte belte. No er det så innarbeidd at eg tar det på i rein refleks. Beltet først, så sette i gir - heilt automatisk. Eg må faktisk konsentrere meg om eg ikkje skal ta det på.
Det er dit vi må, alle saman. Få beltebruken til å bli like naturleg som å late att døra. Vaner kan ikkje bankast gjennom i lover eller forskrifter, men dei kan endrast med haldningsskapande arbeid.
Start med det, du Brekk!Og til deg som køyrer traktor er bodskapen så enkel som dette: Du får aldri noko forvarsel om at det skal skje noko ulukke. Med belte kan du berge livet. Utan belte kan du døy. Valet er ditt.