Beitepussar til Lesjaskog

Han gløymde å svare dei to første dagane av årets BG-nøtter, men kom sterkt tilbake. Bjørn Slettum får ein splitter ny Duun beitepussar til gards i fire veker.

Publisert

Det vart berre 22 svar frå Bjørn Slettum i årets BG-nøtter, men alle svara var korrekte. Og dermed var han kvalifisert for å vere med i trekninga av fire veker fri bruk av Duun sin nye norskproduserte beitepussar. Som han vann.

Bjørn tok over garden i 2009, og driv med mjølkeproduksjon på garden på Lesjaskog. Frå før deler han og ein nabo ein Kuhn-pussar, men den får nok kvile seg i sommar.

Premien er sponsa av Duun.

BG-nissane gratulerer!

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS