Du er her

Behovserklæring klasse CE

Dersom du skal avtene verneplikt, bør du ved første høve prøve å kome i posisjon til å ta førarkort klasse C gjennom Forsvarets kjøreskole. Her finn du døme på ei slik erklæring.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 03.08.2011 00:00

DU FINNER DOKUMENTER I HØYRE SPALTE

For å køyre traktor som har toppfart over 40 km/h, må alle som har tatt førarkort etter 1. januar 2005 i praksis ha klasse CE, altså vogntog.

Tar du klasse C gjennom Forsvarets kjøreskole, har du høve til å bygge på til CE, noko vi på det sterkaste tilrår. Alltid nyttig å ha, uansett framtidige reglar. Dessutan har du her høve til å få C/CE til redusert pris, og du kan ta det utan at tidsbruken går alt for mykje ut over ting du elles vil gjere.

For å få ta førarkort i Forsvaret, må du som regel legge fram ei behovserklæring. Første side i dokumentet er ei rettleiing til korleis du gjer det. Vi har sett opp to eksempel.

Gi oss tilbakemelding om du har innspel eller ytringar i denne saka .

Lukke til, og køyr pent!

"