Du er her

Bankar gjerdestolpar med bensin

Spett, slegge, blod, sveitte og tårer. Det kan vere kvardagen når du skal sette opp gjerde i utmark. Nokre stader kan gravemaskina vere til god hjelp. Alternativet kjem frå down under.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 05.02.2014 16:45

Australsk alternativ til slegge.

Christie Post Driver er ikkje kallenamnet på det nye landpostbodet, men på ei bensindriven gjerdepåle-slegge. Eller rettare sagt ein gjerdepåle-bankar. Ein Honda bensinmotor driv ei grov utgåve av slagverket tilsvarande det vi finn på ein elektrisk borhammar. I staden for bor i enden, er der eit rør der du trer enden på gjerdestolpen oppi. Dette finst i to dimensjonar: Indre diameter 52 mm og 73 mm. Den tynnaste for metallstolpar, slik det blir brukt mange av i Australia og andre engelsktalande land, mens den tjukkaste også gapar over trestolpar av grei dimensjon.


Spesifikasjonar

Den vesle tassen veg 13,5 kg, med ein motor på 1,3 hk. Handtaka er vibrasjonsdempa med store fjører. Den bankar med 1720 slag i minuttet, med ei kraft på 26 joule. Til samanlikning har ein standard stor blå-Bosch borhammar kring tre joule slagkraft.


Ingen norsk importør

Sjølv om australiarane, reint globalt sett, bankar inn stolpane frå motsett ende av oss, er det grunn til å tru at stolpebankaren vil kunne gjere teneste også på norske bruk. Men enn så lenge kjenner vi ikkje til nokon norsk importør til Christie Engineering si maskin, som i opphavslandet kostar kring 9000 kroner.