Du er her

Avtale om leigekøyring

– Det er lurt å avtale arbeid og pris på førehand, seier vi i maskinleigeprislista vår. No får du alt du treng for å gjere ein grei skriftleg avtale, her på gardsdrift.no.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 04.07.2012 08:45

DU FINNER AVTALENE I HØYRE SPALTE

" Kvart år skjer det same: Når sesongen er omme, kimer det i telefonen hos Bedre Gardsdrifts journalist. Kundar lurer på "om det verkeleg kan vere så dyrt å få jobben gjort", mens entreprenørane vil ha stadfesta at deira pris slett ikkje er urimeleg. Felles for alle problemtilfella er mangel på avtale. Rett nok har vi inntrykk av at bønder og entreprenørar flest er glade og vel forlikte både før og etter ein leigekøyringsjobb, men er du det minste i tvil om korleis dette vil gå, er no enklare enn nokon gong å sikre seg.

Alt på ei side

Frå gammalt av har vi einavtale for maskinleige. Den er stadig aktuell. Dei seinare åra har leigekøyring overtatt meir og meir, og difor har vi spesiallaga eit nytt avtaleskjema spesielt for dette. Heile avtalen er på ei A4-side, inklusive hjelpetekst. Målet er at avtalen skal vere så enkel å fylle ut at den er til nytte for deg.

Basis-info

" I skjemaet er det høve til å fylle ut kva jobb som skal gjerast, omtrentleg forventa omfang av jobben, tidsramme og ikkje minst pris. Her er eigne ruter for oppmøte, transport eller andre tillegg. Du vel sjølv korleis prisen skal vere oppgitt (pris pr. time/daa/ball e.l., fastpris eller anna), og kva som elles blir fylt inn av informasjon. Skjemaet er like aktuelt om du skal presse rundballar eller om du skal grave i hagen til naboen. Bedre Gardsdrift stiller ingen krav til deg for at du skal kunne bruke avtalen. Dette er ein ekstraservice til våre mange trufaste lesarar.  

 

"