Du er her

Avansert GPS til lågpris

Om få veker har Trimble verdspremiere på ein GPS der du får fargeskjerm til svart-kvitt-pris, pluss mange funksjonar som før var i langt høgare prisklasse.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 11.02.2008 10:03

I førstkomande Bedre Gardsdrift kan du lese meir om GPS-system. Vi tjuvstartar med litt produktnytt her.
Første veka i mars kjem Trimble EZ-Guide 250 på marknaden over heile verda. Billegaste utgåve vil koste 13 600 kroner, men importøren Norsk Navigasjon tilrår ei betre antenne til omlag 5000 kroner ekstra for å få god nok signalkvalitet under norske forhold.
Stor fargeskjerm
I den rimelegaste prisklassen har det til no vore vanleg med ei rad lysdioder til å vise vegen, og ein liten svart-kvitt-skjerm.
Trimble EZ-Guide 250 kjem med ein etter forholda stor fargeskjerm, med innebygd brukarhandbok.
Lærer heile tida
Den nye boksen kan styre etter eit nytt mønster, av Trimble omtalt som "fri form". Denne viser heile tida veg parallelt med der du køyrde førre draget. Dette kan passe bra på kronglete norske åkerlappar. Andre GPS-system i denne prisklassen har normalt ei linje som utgangspunkt, så skal alle drag køyrast parallelt med denne. Her er den køyremåten eitt av mange alternativ, som tillegg til rette linjer og parallellkøyring med ei bestemt køyrekurve.
Kan logge alt
Boksen loggar alle omriss av teigane du køyrer på, alle planlagde køyrespor, all faktisk køyring og kva del av køyringa der du har utført arbeid. Dette kan brukast som kart til seinare, og du får ut det vi kan kalle kart på kvitt papir straks, om du vil det.
Etter kvar åkerlapp blir det automatisk laga ein rapport, klar for utskrift, epost eller vidare behandling. Data kan også lastast inn og ut via ein USB-port.
Grunnlag for meir
Du kan starte med denne boksen, og bygge ut med det du måtte ynskje av tilleggsfunksjonar seinare. Til dømes den såkalla EZ-Steer, Trimbles enkle autostyring. Denne har også terrengkompensasjon. 
A-K maskiner forhandlar Trimble, mens importøren heiter Norsk Navigasjon, og har hovudkontor i Snåsa. Vil du lære meir om GPS, må du følgje med i Bedre Gardsdrift framover våren.