polaris sportsman ace

ATV med sete og ratt

Polaris Sportsman Ace er noko nytt: Ein ATV for ein person, med sete, ratt og veltebøyle. Og flatt golv. Her har du ei trygg arbeidsmaskin.

Publisert

Polaris Sporsman Ace er ei nyvinning i konstruksjonen av ATV.

For mange er ATV eit nyttig verktøy i gardsdrifta. For mange andre er den meir å rekne som eit leiketøy, og ulukkestala både her i landet og land med enda større ATV-bestand er temmeleg høge i høve til talet køyrety. Slik sett er Polaris Sportsman Ace eit svært interessant bekjentskap. Særleg veltebøylen har vore etterlyst av folk som har arbiedd mykje med tryggleiken for denne typen køyrety.

Funksjonen er i det aller meste som du kjenner den frå ein standard ATV: Firehjulstrekk, ei fjøring Polaris meiner er heilt i tet, og høve til å montere vinsj og tilhengarfeste. Pluss at denne er utstyrt med rom med lokk for å transportere verktøy og utstyr både framme og bak.

Samstundes er det mykje som skil Sportsman Ace frå alt anna: Her sit du i eit polstra sete midt på firhjulingen. Setet har trepunkts setebelte og lengdejustering, og rundt deg har du ein skikkeleg veltebøyle, om enn ikkje større enn at du fint kan smyge deg til skogs. Du styrer med ratt, som dessutan er justerbart. I staden for motorsykkel-betjening av kløtsj, gass og brems har du ordinære pedalar. Å stige av og på er svært enkelt, med låg høgde og flatt golv.

Du kan utstyre modellen med kufangar, tak av plast eller stoff, eit slags dører i staden for nett på sidene, vindauge bak og eit såkalla sportsvindauge framme, og større lastekasse bak.

Den væskekjølte motoren har elektronisk drivstoffinnsprøyting og 32 hk. Transmisjonen har høg og låg og revers. Eigenvekta er under 400 kg, og høgda er oppgitt til 173 cm.

Powered by Labrador CMS