Du er her

Anke på køyreforbod

Nokre gongar kvart einaste år blir traktorar stoppa og ilagt køyreforbod for manglande fartsskrivar. Vi i Bedre Gardsdrift jobbar med å få klarlagt regelverket, men enn så lenge kan du laste ned ein anke på køyreforbodet her.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 09.09.2010 14:41

Nokre kontrollørar trur at du treng ein sånn. Det er rart, for i EU gjeld dei same reglane, og der treng dei det ikkje.

 
 

Du finn dokumentet i høgre spalte

Det er urimeleg at ein og annan tilfeldig norsk traktoreigar skal bli pålagt, gjennom referanse til eit EØS-direktiv, å montere noko som traktorfabrikkane i EU meiner at du ikkje treng. Mykje tyder på at den norske tolkinga av regelverket har eit eller anna avvik frå korleis det same regelverket blir tolka innanfor EU. Dette vil vi i Bedre Gardsdrift finne ut av, og vi har klart å finne ut av trafikkreglar før. Enn så lenge tilrår vi at alle som får køyreforbod ankar dette. Erfaringa tilseier at ein anke vil føre til at saka blir lagt bort. Til anken kan du gjerne bruke eit standardbrev som BG har laga til formålet. " I dette brevet kan du enkelt og greitt erstatte alle klammer, altså ting som ser sånn ut [ ], med dine opplysningar, før du skriv det ut, signerer og leverer. Adresser til Vegvesenet sine kontor finn du her. Og ein ting til. Vi set stor pris på å bli informert om du blir stoppa, same om det gjeld manglande skrivar eller noko anna. Send oss gjerne kopi av alle dokument i saka, og hald oss informert om resultatet. Det er til stor verdi for oss i det vidare arbeidet for å få orden på dette. Kontaktinfo finn du under "Kontakt oss" på toppen av sida.