Du er her

Amazone kjøper plogproduksjonen frå Vogel & Noot

I kjølvatnet av at Vogel & Noot gjekk konkurs i august, har Amazone nytta sjansen til å få ei meir omfattande produktlinje på plog.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 22.09.2016 10:00

Amazone har kjøpt både plogfabrikken og produksjonsrettane til Vogel & Noot sitt plogprogram. Også reservedelsforsyninga til tidlegare V&N-kundar følgjer med i handelen. Vogel & Noot er eit selskap frå Austerrike. Plogfabrikken ligg nord i Ungarn, nær grensa til Austerrike. Vogel & Noot omtalte seg sjølv som Europas største plogprodusent. Sortimentet omfattar ymse variantar av vendeplogar, semimonterte plogar og teigplogar, frå to til tolv skjær. Selskapet har også produsert anna jordarbeidingsutstyr, såmaskiner, rotorharver og åkersprøyter. Handelen omfattar berre plogfabrikken med tilhøyrande produktrettar. Plogfabrikken var ikkje omfatta av konkursen i morselskapet i august. 

A-K vurderer situasjonen

Vogel & Noot har dei seinare åra vore forhandla av Lena Maskin, mens A-K maskiner er importør og forhandlar av Amazone. I august 2013 informerte Amazone om at dei sjølve ville starte produksjon av plogar, vel å merke av det store slaget. For A-K maskiner har desse store plogane hatt lite å bety, i og med at A-K frå før har tilgang til plogsortimentet frå Pöttinger.

– Vi er akkurat informert om Amazones oppkjøp, og har difor ikkje hatt grunnlag for å vurdere kva vi skal satse på av plog i framtida, seier Ingar Høgmoen i A-K maskiner. Plogar er i dag den einaste jordarbeidingsreiskapen frå Pöttinger i A-K maskiners program. All annan jordarbeidingsreiskap kjem frå andre leverandørar, med Amazone som flaggskipet.

Plogane blir nok grøne

– Vi må vurdere kva plog som er mest eigna for norske forhold, med tanke på kroppar, veltefjøler og utstyr elles, kommenterer Høgmoen.

Det er grunn til å tru at Amazone vil bruke sitt eige namn på plogane. Frå tidlegare oppkjøp veit vi at Amazone har kutta ut det gamle namnet, og satsa på sitt eige.