Alvorleg skadd i traktorulukke

Tilstanden til ein litauisk gardsarbeidar var onsdag kveld alvorleg og ustabil, ut frå meldingar frå Haukeland Universitetssjukehus. Mannen vart skadd under arbeid på ein fruktgard i Stryn.

Publisert

Ulukka skjedde då traktoren, som normalt ikkje blir brukt i fruktfeltet, mista grepet på veg nedover. Der har den reist utfor ein liten mur og blitt kasta rundt før den vart liggande på sida.

Føraren, ein 28 år gammal mann, kom i klem og fekk alvorlege skader av hendinga. Han vart frakta med luftambulanse til Førde sentralsjukehus og deretter vidare til Haukeland i Bergen. Derifrå får Bedre Gardsdrift opplyst at neste oppdatering om situasjonen til mannen først kjem torsdag føremiddag.

Powered by Labrador CMS