ambulanse

Alvorleg skada etter traktorvelt

Ein mann i 50-åra vart onsdag alvorleg skadd då traktoren hans brått velta midt på flate vegen på Stord. Mannen er sendt til Haukeland. Mest truleg brukte han ikkje belte.

Publisert

Mannen i 50-åra kom køyrande med ein Massey Ferguson av nyare modell langs ein tørr, flat og rett vegstrekning, med tom tilhengar. Brått skar traktoren ut til sida og velta.

– Mannen vart kasta ut av førarhytta, og han har fått alvorlege brot- og klemskader i nærkontakt med traktoren. Han låg ikkje fastklemt då redningspersonell kom til staden. Først vart han sendt til sjukehuset på Stord, og deretter vidare med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus, på grunn av at skadane er så alvorlege, fortel lensmann Bernt Norvalls til Bedre Gardsdrift. Frå Haukeland er tilstanden omtalt som alvorleg men stabil.

Brukte neppe belte

– Alt tyder på at mannen ikkje brukte belte, men det kan vi ikkje seie 100 prosent sikkert før vi har undersøkt saka nærare. Hadde mannen brukt belte, skulle han normalt sett ikkje blitt kasta ut av hytta, understrekar lensmannen. Bilete frå staden viser ein traktor som ligg på sida, men elles utan vesentlege tekniske skader.

Skjedde aldeles uventa

Grunnen til ulukka er ikkje avklara. Lensmannskontoret har tre teoriar på kva som kan ha skjedd: Illebefinnande, teknisk feil på styring eller anna, eller punktering. Traktoren er tatt inn til undersøking, men lensmannskontoret har ikkje hatt høve til å sjå nærare på detaljane enno.

Alle forhold kring ulukka tilseier at det ikkje skulle skjedd noko ulukke. Vegen er flat, ulukka skjedde på ei rettstrekning, det var lite annan trafikk langs vegen, føret var godt og ulukka skjedde på lyse dagen, med ein høvesvis ny traktor utan last. Lensmann Norvalls meiner at dette viser at vi støtt må sikre oss mot det uventa.

Grufull dødsulukke utan belte på Stord for kort tid sidan

Dette er den andre alvorlege trafikkulukka på Stord på kort tid. I slutten av februar omkom den hollandske lastebilsjåføren Dave Gardien og hans ti år gamle dotter Anja, då lastebilen køyrde utfor vegen på grunn av glatt føre. Den fatale ulukka har rysta rysta folk og transportnæring over heile landet.

Strukturen på førarhuset på lastebilen var intakt etter ulukka. Lensmann Norvalls stadfestar at dei to ikkje brukte belte. Dei vart kasta ut av hytta og omkom etter skadane dei fekk.

Overlevde så vidt etter utforkøyring

26. februar skjedde ei anna dramatisk traktorulukke litt lenger sør, då ein mann i 20-åra kom utfor vegen og traktoren vart kasta ned ein lang skråning. Mannen vart alvorleg skadd fordi han vart kasta ut av førarhytta, men han overlevde. Heller ikkje han brukte belte.

"
Powered by Labrador CMS