Du er her

Alt kostar. Når ta betalt?

Driv du leigekøyring, har du heilt sikkert ein pris pr. time, pr. ball eller pr. dekar. Dekkjer denne prisen alt, både før og etter?
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 20.04.2012 07:00

Skal du leigekøyre med rotorharv, er det ikkje berre tida med tindane i bakken som skal betalast.

Jobben startar når du tar imot bestilling på arbeidet. Så må du klargjere utstyret, utføre service, bestille rundballeplast, organisere korncontainerane og litt av kvart slikt. Når dagen då jobben skal gjerast kjem, startar eigentleg jobben i det du går over tunet mot traktoren. Jobben er ikkje slutt før utstyret er vaska og parkert, vedlikehalde, reparert og smurd, og fakturaen er postlagt.
Noko av dette ligg inne i timeprisen. Noko må du ta betalt for på anna vis. Det finst entreprenørar som tar fakturagebyr, for å ta inn noko av administrasjonskostnaden. Eit anna alternativ er å bake alt sånt inn i eit oppmøtegebyr. Eit slikt gebyr gjer det tydeleg for kunden at det ikkje er "berre å kome ein tur", det har faktisk ein kostnad. Særleg dei som driv stort som landbruksentreprenørar er svært bevisste på dette. Dette er ting du kan lese meir om i Bedre Gardsdrift nr. 3 2012, som kjem i postkassen om ikkje så lenge. Der finn du heile den store maskinleigeprislista vår, med nær sagt alt av prisar og mange tips og råd.

Har du ikkje bladet frå før, kan du tinge abonnement her. Alternativt kan du laste det ned her.

"