0112_bedregardsdrift

Alltid beredt

Om det er krig og krise, eller berre noko så enkelt som at eit tre ligg over vegen, veit alle at om der finst ein bonde i nærleiken, er dei berga.

Publisert

Bønder er gjennom alle tider kjende for at dei kan fikse det aller meste. Bønder tenkjer sjølve, dei er kreative, praktiske og dei har utstyr. På område etter område er bønder den beste beredskapen, både for seg sjølve og for samfunnet. er dette i ferd med å ta slutt?

Etter uvêret i jula har vi sett fjernsynsbilete av bønder som hjelpelaust drar i startsnora på små bensinaggregat i desperat kamp for å få ut mjølk av kyrne, vi høyrer om utrangla bønder som kjempar med muskelkraft for å få fram vatn og fôr, og vi ser at marginane mellom unormal situasjon og stor krise er blitt veldig små.

Landbruksnæringa har svart på styresmaktene sine krav om knallharde kostnadskutt og storstilt rasjonalisering, i ei tid der økonomien vert stadig meir pressa. Vi investerer tungt i store, effektive og komplekse system som berre må fungere, og har ikkje tankar for reserveløysingar.

Men økonomien er ikkje einaste grunnen til at vi toler mindre. Vi veit at vêret blir stadig meir ustabilt. Vi får færre naboar som er aktive bønder. Alt rundt oss blir også drive med mindre tryggleiksmargin, slik vi mellom anna har sett med telenettet. Skal vi vere etterpåkloke, kan vi dessutan slå fast at færre av oss har det som på fint heiter beredskapsplan. Å ha ein slik plan kostar ikkje stort meir enn litt tankekraft.

Det som kan gå gale, vil gå gale. Difor bør du ta ein gjennomgang av eiga drift no, med Murphys lov som utgangspunkt. Alle veit at vi kan bli straumlause, også for lengre periodar enn to timar. Vi kan få brann. Vi kan bli vasslause, veglause, få langvarig frost, miste telefonsambandet eller vi kan bli alvorleg sjuke eller brått skadde. Kva gjer vi då?

Ofte er det heilt enkle ting som skal til. Som å ha ei lommelykt med dugande batteri på fast plass. Ha ein avtale med ein nabo. Ha tilgang til noko du kan køyre vatn i, og vite kor du kan hente vatn, om du sjølv blir vasslaus. Og sjølvsagt må du ha tilgang på aggregat av rett type og med nok kapasitet, om du har ei drift som er avhengig av straum. Same om du bur nær Stadt eller i dalstrøka innanfor, bør du ha ein beredskapsplan. La gjerne emnet bli tema kring kjøkkenbordet og på lokale fagmøte.

Når uventa ting skjer, kan du ikkje stole på andre enn deg sjølv. Då er det godt å ha ein plan. Gjer difor speidarane sitt motto til ditt eige:

– Alltid beredt!

Denne lederartikkelen er hentet fra Bedre Gardsdrift 1/2012

Bestill abonnement på Bedre Gardsdrift her

Last ned bladet eller enkeltsider elektronisk her

Du finner flere lederartikler fra papirutgaven her

"
Powered by Labrador CMS