Martin Richenhagen, toppsjef i Agco, fotografert med en Massey Ferguson 7490.
Martin Richenhagen er toppsjef i Agco.

Agco satser i Kina

Framtidige oppkjøp, traktorar frå Kina, kvalitet og nye seriar av MF og Valtra under 100 hk er nokre av emna Agcos toppsjef Martin Richenhagen snakkar om i ein lengre samtale med Bedre Gardsdrift.

Publisert

I løpet av dei næraste vekene vil Agco truleg gjere avtale med- eller kjøpe - Kinas største traktorprodusent. Det kan også bli merkbart for oss.

Agcos vesle raude 

Med fabrikkar i Kina vil Agco i første omgang få innpass direkte på den store kinesiske marknaden, der dei vil bruke Massey Ferguson som merkevare. Agco har elles Fendt, Valtra og Challenger som sine fremste merkenamn, men MF er desidert mest kjent.

Kina-konsekvensane er fleire enn som så. Konsernet får høve til å produsere rimelege småtraktorar for den vestlege marknaden, og dei legge delar av produksjonen av komponenter dit.

Tillegg til eksisterande produksjon

Oppkjøpet blir ikkje berre gjort for å kome inn i Kina.

Martin Richenhagen er toppsjef i Agco.
Martin Richenhagen, toppsjef i Agco.

– Produksjonen i Kina vil ikkje gi redusert produksjon på fabrikkane vi har elles i verda. Vi har for liten kapasitet i eksisterande fabrikkar, så kinaproduksjonen vil kome som eit tillegg til dette, seier Agcos toppsjef, Martin Richenhagen, til Bedre Gardsdrift.

Vi møter mannen som både er styreleiar og toppsjef for eit av verdast største traktorkonsern under Massey Fergusons 50-årsjubileum, som vart feira i Frankrike nest siste veka i mai.

Treng fleire eigne motorar

– Motorfabrikken vår Sisu produserte 20 000 motorar då vi kjøpte den. Vi har gjennomført tiltak slik at produksjonen i år truleg vil kome opp i 30 000, og vi investerer for å auke produksjonen til 50 000 motorar årleg. Behovet er minst det dobbelte. Difor kan det vere aktuelt å produsere motorar i Kina, som eit tillegg til motorane frå Finland.

Det ligg ikkje føre planer om at Fendt skal få Sisu-motor, heller ikkje at Massey Ferguson skal kutte banda til Perkins. Derimot er no motorar frå Sisu tatt i bruk i store mobile straumgeneratorar som blir selde under Massey Fergusons namn.

Nye småtraktorar

Med fabrikk i Kina vil dagens Iseki-produserte traktorar under 40 hk bli bytt ut med eigenproduserte traktorar frå det store, raude landet.

– Vi kjem ikkje til å selje eksisterande kinatraktorar som MF, men utvikle nye modellar etter våre spesifikasjonar. På dei minste traktorane er det særleg to ting som betyr noko, og det er pris og kvalitet. I området under ca 40 hk kan vi difor bygge komplette traktorar av ein type i Kina, og selje den under fleire merkenamn, fortel Richenhagen.

Komponent til ny familie under 100 hk

Både Valtra og MF har behov for ein ny serie under 100 hk. Massey Ferguson treng ein serie mellom 5400 og 3600, og Valtra har lenge sett behovet for ein ny A-serie.

– I denne effektklassen er det aktuelt å bruke ein del felles komponent. Vi skal bygge traktorane slik at kunden opplever MF som MF og Valtra som Valtra. Samanliknar vi med bil, veit vi at Skoda, Audi og Volkswagen har mange felles deler, sjølv om bilane blir oppfatta som heilt ulike. Vi kan mellom anna ha mange felles deler i girkassen, utan at traktorane mistar identiteten sin av den grunn. Derimot kan det hende at vi skal ha ulike transmisjonshus. Innmat til girkasse, pluss akslingar og enkelte andre komponentar, er slikt som kan vere aktuelt å få produsert i Kina, seier den høgttenkjande Agco-sjefen.

Konsolidering

Bedre Gardsdrift spør Agco-sjefen om vi kan vente oss fleire oppkjøp med det første, og om det finst reiskapstypar han saknar i si portefølje.

– Agco er no i ein posisjon der vi absolutt er i stand til å gjere store oppkjøp. Vi har aldri tidlegare hatt så låg gjeld i høve til omsetnaden vår, og vi har god tilgang på kapital. Slik sett er vi i stand til å gjennomføre temmeleg store oppkjøp, om det skulle vere aktuelt. 

Han legg likevel til at han meiner at det er meir rett å bruke pengane på å utvikle selskapa og fabrikkane dei alt har. Til dømes skal dei investere mykje i traktorfabrikken i Beauvais dei komande åra, og dei driv omfattande produktutvikling. 

- I fjor klarte vi å stå imot tilbodet om å kjøpe Hardi. Der vart det ei god løysing med at Hardi har fått ein spesialisert eigar. Det finst sterke reiskapsprodusentar som kan vere aktuelle, om dei er til sals. I fjor kjøpte vi også vår russiske importør, vi kjøpte 50 prosent av Laverda, og vi kjøpte ein plantemaskinprodusent i Brasil. Dette er med på å styrke posisjoner vår innan bestemte marknader eller i visse produktsegment. I framtida blir nok nye oppkjøp meir av denne typen, i staden for at vi kjøper selskap som driv med slikt vi driv med frå før, seier Richenhagen til Bedre Gardsdrift.

– Dårleg drift i Kverneland

Agco-sjefen kjem sjølv inn på den norske stoltheita Kverneland, og han brukar sterke ord.

– Eg veit også at Kverneland er på utkikk etter nye eigarar, men det selskapet er for dårleg drive til at vi er interessert. Til og med i dagens situasjon klarer dei ikkje å tene pengar, og det er forunderleg. Selskapet har visse gode produkt, særleg knytt til merkevara Vicon. Om vi kunne kjøpt Vicon, ville det vore interessant. Elles er ikkje Kverneland aktuelt, fastslår Richenhagen.

Kraftig kapasitetsauke i Frankrike

Richenhagen nemner fleire døme på at Agco for tida heller investerer i eksisterande fabrikkar enn å kjøpe nye. Det er lagt ned mykje pengar i Fendt-fabrikken dei seinare åra, og det same gjeld treskarfabrikken i Randers.

– Massey Fergusons førre eigar, Varity, var eit investeringsfirma som mjølka selskapa sine for pengar. Difor har traktorfabrikken i Beauvais eit stort oppsamla behov for oppgradering. No er vi i gang med den prosessen. 

Agco bygger opp fabrikkene sine.

Kvart år produserer dei 19 000 traktorar her. Lakkeringslinja er ein flaskehals, og den skal dei fornye ganske så snart. 

- Dette, pluss betre logistikk inne på fabrikken, vil gi oss kapasitet til 26 000 traktorar årleg. I tillegg vurderer vi å auke frå eitt til to skift. Det som avgrensar produksjonen både for oss og konkurrentane, er at mange av underleverandørane har for låg kapasitet i høge til etterspurnaden. Mange underleverandørar har også kundar som byggjer lastebilar, til dømes. Også der er det større etterspurnad enn fabrikkane har kapasitet til, konstaterer Richenhagen. 

Pluss at produksjonen faktisk også blir bremsa på grunn av mangel på landbruksdekk.

Jobbar med kvalitet 

Eit arrangement som dette ville ikkje vore aktuelt for fem år sidan, seier ein av Massey Fergusons medarbeidarar til Bedre Gardsdrift, når vi spør kvifor valet fall på året då Massey-Ferguson vart innført som namn då dei bestemte seg for å halde jubileumsfesten vi er på.

– Vi hadde ein periode med alt for dårleg kvalitet. Med lanseringa av 6400-serien gjorde vi store endringar i kvalitetsarbeidet vårt, og det meiner bestemt vi har gitt resultat, supplerer Richenhagen. 

– Vi vil at kvar traktor vi byggjer skal vere feilfri. Dette arbeider vi med kvar dag.

Til skilnad frå dei aller fleste andre traktorprodusentar, snakkar Agco ope om kvalitetsproblema dei sleit med for ti år sidan. Under sjølve pressekonferansen poengterte MFs marknadsansvarlege Declan Hayden at kvalitetsproblema også var skrive om i eit norsk tidskrift. Han hintar til artikkelen Blåmandag hver dag med rød traktor frå Bedre Gardsdrift nummer 5, 2000.

No meiner Agco at kvaliteten på Massey Ferguson toler samanlikning med kven som helst. Betre kvalitet er heile tida eit mål det blir jobba med, og dette er også noko som vil kome i første rekke ved oppkjøpet i Kina.

Snittar frå Danmark?

Agco har for lenge sidan sagt at dei vil produsere sin eigen sjølvgåande eksaktsnittar. No seier Martin Richenhagen at det kan bli lagt til Danmark, til treskarfabrikken i Randers. Dette er ikkje avgjort, men den tidlegare Dronningborg-fabrikken er eit godt alternativ.

– Kva forventningar har de til innpass i denne marknaden, der Claas dominerer så kraftig?

– Claas er berre ein av aktørane. Vi skal også vere merksame til dømes på New Holland, som byggjer svært gode maskiner. Vi må utvikle ei maskin som teknisk er minst like god som konkurrentane, noko vi har styrke og evne til å gjere, seier Richenhagen. I alle høve kan vi vente oss fleire detaljar om MFs linjer med hausteutstyr i løpet av sommaren, med eller utan snittar, seier Richenhagen.

Valtra S

Det har vore snakk om at ein ny Valtra S er på trappene, som ei omlakkert utgåve av Massey Ferguson 8400.

Martin Richenhagen har styring.

– Valtra har sitt eige særpreg, og det må vi halde på. Difor er eg ganske så sikker på at ein ny Valtra S vil ha Valtra sin eigen trinnlause transmisjon, og ei eiga Valtra-hytte. Den nye stortraktoren frå MF på 365 hk kjem ikkje til å bli levert som Valtra S, seier Richenhagen.

– Kva med Valtra W?

– He-he! Den var fin. Valtra har jo tradisjonar med seks hjul, men eg trur ikkje den traktoren kjem i produksjon, smiler Richenhagen på spørsmålet.

Bedre Gardsdrifts aprilspøk har tydelegvis blitt lagt merke til også utanfor landegrensene.

Kva vil kundane ha?

Vi spør Agcos mektige mann kva framtida vil bringe.–

 Vi har jo eit døme her borte, seier han og viser til Massey Fergusons komande flaggskip på 365 hk. 

– Spørsmålet er jo kva kunden vil ha. Ynskjer kunden enda større traktorar, byggjer vi det. Men kor går grensa? Om mange kundar vil ha raskare traktorar, byggjer vi det.

– Betyr det at Fendt Evo ein dag kan bli tatt fram att, spør vi, med referanse til ein trinnlaus konsepttraktor med midtmontert hytte, stutt nase og høg toppfart, vist på Agritechnica for nokre år sidan.

– Om det er slike traktorar kunden ynskjer, kan vi lage dei, seier Agco-sjefen. 

– Ønska frå bøndene er i stadig endring. For nokre år sidan var betre komfort noko av det som var høgast prioritert. No står redusert dieselforbruk, særleg om vi måler det i liter per dekar, høgt oppe på ynskjelista. Eller for å vere meir presis: Lågare driftskostnader per dekar.

Powered by Labrador CMS