Du er her

Agco kjøper Lelys grasutstyr

Lely vil heretter konsentrere seg fullt og heilt om utstyr for mjølkeproduksjon, og sel difor alt utstyret for grashausting til MF-/Fendt-/Valtra-eigar Agco.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 13.03.2017 14:06

Lely ynskjer å konsentrere seg om automasjon i mjølkeproduksjonen. Fram til no har Lely hatt ein produksjon som sprikjer i to ganske ulike retningar: Utandørsmekanisering for eng og innandørsmekanisering for mjølkeproduksjon. Lely er størst i Europa på rundballepresser og lessevogner, melder dei sjølve. 

– At vi no vil konsentrere oss om berre det eine segmentet er resultatet av ei strategisk vurdering, forklarer Lely-sjef Alexander van der Lely. Produksjonen og salet av innandørsmekaniseringa blir ikkje påverka av at utandørsmaskinene blir selde ut. 

Avtalen mellom Agco og Lely er venta å bli sluttført siste kvartal i 2017. 

Agco får to graslinjer

Frå før eig Agco tyske Fella, som produserer overlappande utstyr med mellom anna slåmaskiner og river. Utan at dette er uttalt, skal vi ikkje sjå bort frå at til dømes Fella blir nærare knytt opp mot Massey Ferguson og tilhøyrande forhandlarnett, mens Lely kan bli knytt mot Fendt og dei som sel grøne maskiner.

Lelys produksjon av slåmaskiner og river skjer no i Nederland. Denne produksjonen blir avvikla, på grunn av nemnde overlapp med Fellas produksjon. Lely-fabrikkane i Tyskland, som i dag produserer lessevogner og rundballepresser, bert overtatt av Agco. Det same gjeld dei som er tilsette der. 

Bortsett frå river og slåmaskiner, er det ganske moderat overlapp mellom dei to graslinjene Agco no får hand om. Lely har rundballepresser og kombipresser, lessevogner og snittar. 

Ganske komplett på gras

Lely si produktlinje omfattar slåmaskiner, samleriver, venderiver, slept eksaktsnittar, lessevogner, rundballepresser og rundballepakkarar. Maskinene har jamt over godt ry. For nokre år sidan viste Lely prototypen på ei kontinuerleg rundballepresse, som viser at produsenten tenkjer høgteknologisk.  

Ingen dramatikk for norske kundar

For norske bønder fører neppe endringa til nokon stor dramatikk. Tvert imot ligg mangt vel til rette: Akershus Traktor er Lelys største forhandlar på grasutstyr, og Akershus Traktor er som kjent også forhandlar for Agco-eigde Eikmaskin. Vel å merke på Valtra. Så sant Agco ikkje gjer vedtak på at Lely-maskinene absolutt må seljast saman eit av dei to andre traktormerka, er det altså ingen grunn til å vente seg spesielle utslag her nord. 

Faktaboks

Lely

Lely vart grunnlagt i Nederland i 1948, og har i dag hovudsete litt utanfor Rotterdam. Selskapet er familieeigd, med kring 2000 tilsette ved seks fabrikkar.

Viktigaste kundegruppe er husdyrbønder, primært mjølkeprodusentar. Produktspekteret er delt i to hovudgrupper: For fjøsen og for enga.

Fjøsutstyret byggjer kring roboten Astronaut, fôringssystem, gjødselrobot og ymse tilgrensande utstyr. I Noreg blir dette importert og forhandla av Fjøssystemer. 

Utandørsmekaniseringa inneheld alt frå slåmaskiner og river til finsnittarar, lessevogner og rundballepresser. Rivene og slåmaskinene har heilt og fullt røtene sine hos Lely. Rundballepressene kom til etter at Welger vart kjøpt opp. 

Lely grasutstyr har hatt eit omskifteleg tilvere i Noreg etter at maskinbransjen vart meir kjedeprega. No står Lely Nordic for importen, med Akershus Traktor som største forhandlar. 

I 2016 omsette Lely for ein halv milliard Euro.

 

Agco

Dette børsnoterte selskapet med hovudsete i USA står bak traktormerka Massey Ferguson, Fendt, Valtra og Challenger, og eig haustemaskinprodusentar som Fella og Laverda.

Agco er rekna mellom dei tre største leverandørane av landbruksmaskiner internasjonalt.

I 2016 omsette Agco for 7,4 milliardar dollar. Selskapet har kring 17 000 tilsette, og distribusjon i 150 land gjennom over 3000 uavhengige forhandlarar. I Noreg eig Agco importselskapet Eikmaskin.