Du er her

50-lappen er utsett

Vegdirektoratet har no utsett innføringa av forslaget til ny føraropplæring for traktor som dei sjølve sende på høyring i fjor.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 22.01.2014 20:15

Traktoren i bakgrunnen går 50 km/h. Arne Solheim har førarkort klasse B frå før 1/1-05, og kan køyre. Kva med Jørgen, som har førarkort tatt etter denne datoen?

I oppsummeringa av dei innkomne høyringsinnspela til saka som vart sendt ut i fjor vår, skriv direktoratet dette i eit dokument publisert på tampen av fjoråret: Vegdirektoratet finner at det er nødvendig å vurdere forslaget på nytt i lys av innspillene og hvordan utviklingen synes å være internasjonalt når det gjelder adgangen til å kjøre traktor som går over 40 km/t. Til dette er det nødvendig å bruke noe mer tid, og vi vil ikke innføre endringer i regelverket som gjelder førerett for traktor fra kommende årsskifte.


Maskinentreprenørane vil også vere med, men med kjeppar i hjula

Maskinentreprenørenes forbund (MEF) innvender at dei ynskjer at ein utvida førarrett for traktor til 50 km/h med tilleggskurs også skal gjelde for motorreiskap.  Samstundes meiner MEF at det å la personar som har tatt førarkort etter 1.1.2005 få høve til å køyre 50 km/h-traktor med eit utvida førarkort vil kunne medføre mye mer godstransport på offentlig veg med traktor. MEF grunngir ikkje kva dekning dei har for denne påstanden, men poengterer vidare at traktoren må følgje same reglane som for lastebil, til dømes når det gjeld vektreglar og det å kunne bli stoppa langs vegen for teknisk kontroll. I denne saka (som altså gjeld førarrett) peikar MEF på at Statens Vegvesen sine kontrollørar, i følgje MEF sine medlemmer, har ulik praksis for å kontrollerer traktorar og lastebilar.


NAF svarer på eit anna spørsmål

Norges Automobil-forbund minner om at rørsleenergien aukar dramatisk ved å endre farten frå 40 til 50 km/h, og er difor skeptiske til framlegget.


Statens Vegvesen region sør er konkurransetilsyn

Statens Vegvesen region sør tar på seg rollen som konkurransetilsyn på vegne av lastebilnæringa, og hevdar at Bruk av traktorer for transport i forbindelse med anlegg, drift og vedlikehold utgjør også en konkurransevridning i forhold til lastebiltransport som må vurderes. Region sør meiner også at store traktorar blir bygde med konstruktiv hastigheit 50 km/h, og "i praksis ofte vesentlig høyere". Region sør konkluderer med at fem undervisningstimar er i minste laget, og ber om at ein utvida førarrett til klasse T blir avgrensa til køyring i landbruket.


Sprikande innspel

I det felles høyringssvaret frå Norges Bondelag, Traktor- og landbruksmaskinimportørenes Forening (TLIF) og Bedre Gardsdrift blir det gitt full støtte til framlegget som har vore på høyring. Også Hedmark fylkeskommune og Høgskolen i Nord-Trøndelag (som utdannar trafikkskulelærarar) stiller seg bak Vegdirektoratets opprinnelege framlegg. Statens Vegvesen region øst meiner framlegget kompliserer regelverket unødig utan å gi nokon gevinst for trafikktryggleiken, mens Trafikkforum etterlyser ei meir omfattande opplæring, til dømes med køyretimar i ein 50 km/h-traktor. Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund støttar i det store og heile framlegget, men vil erstatte nokre av teoritimane med praksis. Eit liknande innspel kjem frå Statens Vegvesen region midt.

Det meste av påstandar som er sett fram frå skeptikarane i denne saka må vurderast opp mot allment tilgjengeleg faktainformasjon.

"