Du er her

50-lapp for 18-åringar

18-åringar med førarrett for traktor får køyre 50 km/h-traktor etter å ha gjennomført kurs på fem timar. Det foreslår Samferdsledepartementet i ei forskriftsendring som no går på høyring.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 27.06.2013 20:00

Statssekretær Geir Pollestad (Sp) vil erstatte CE-lappen for å køyre traktor i 50 km/h med eit kurs på fem timar.

I dag må du ta førarkort klasse CE (vogntog) om du har tatt lappen etter 1/1 2005 og vil køyre traktor med høgare toppfart enn 40 km/h. Det skaper store vanskar for alle med moderne og trafikksikre traktorar, der ein stor andel har 50 km/h som toppfart. Dette er tatt opp ved fleire høve, seinast i eit brev Norges Bondelag, Traktor- og landbruksmaskinimportørenes Forening og Bedre Gardsdrift sendte til samferdsleministeren og landbruksministeren i februar.


På høyring 1. juli

" Som punkt ein i brevet tok vi opp problematikken kring førarrett til raske traktorar. Og det første svaret frå Samferdsledepartementet, som også lovar eit fullstendig svar på heile det omfattande brevet, er eit framlegg til endring av førarkortforskrifta. Framlegget blir sendt på høyring 1. juli, saman med nokre andre tema som ikkje gjeld landbruket. Ein slik høyringsrunde varer normalt to-tre månader. Deretter kan Samferdsledepartementet vedta endringane utpå hausten.


Fem timar tilleggskurs

Det ser ut til å vere brei semje, også innan landbruket, om at det ikkje er ynskjeleg å sende ein 16-åring med ferskt førarkort ut i trafikken med ein 50 km/h-traktor. Når vedkomande derimot har fått litt erfaring stiller situasjonen seg annleis.
– For å sikre at køyringa går føre seg på trygt vis, må alle som ynskjer å køyre 50 km/h-traktor, og som har tatt førarkort etter 1/1 2005, gjennomføre eit kurs på fem timar. Kurset har ikkje avsluttande prøve. Med gjennomført kurs får du ein kode på baksida av førarkortet, som viser at du har rett til å køyre traktor med toppfart inntil 50 km/h, forklarer statssekretær Geir Pollestad. Han er den i Samferdsledepartementet som handterer det som gjeld landbruksmaskiner. – Med dette får vi ei ordning som er enkel å gjennomføre, som tilfredsstiller ønska landbruket har sett fram, og som på ein god måte tar omsyn til trafikktryggleiken, seier Pollestad.  


På plass til hausten

Vanleg traktorlapp og klasse BE vil gjelde som før. Ynskjer du å køyre 50 km/h, må du på skulebenken i fem timar.

– Målet er at vi skal ha dette på plass til hausten. Det som står i framlegget er slik vi vil ha det. Så sant der ikkje kjem inn spesielt vektige argument i høyringsrunden blir det sånn, om vi får bestemme når den tid kjem, fastslår statssekretær Geir Pollestad. Endringa treng ikkje gå vegen om Stortinget. Parallelt med høyringsrunden blir det arbeidd med læreplan og tilhøyrande læremateriell, slik at dei første kursa kan starte seinhaustes. Kurset skal særleg omhandle den auka risikoen med høgare fart.


Også for BE

Endringa er formulert til å gjelde dei som har førarrett for traktor. Med andre ord kan også personar med klasse BE tatt etter 1/1 2005 få heva fartsgrensa frå 40 til 50 km/h. Alle med klasse T eller B tatt før 1/1 2005, kan som før køyre traktor utan grenser for fart eller vekt.  


Kan få kode på 18-årsdagen

Pollestad ser føre seg at opplegget blir slik at det er mogeleg å gjennomføre femtimarskurset også i tida før du fyller 18 år, slik at du einast må vente til 18-årsdagen før du får koden som viser at du har rett til å køyre raskare traktorar.


Valflesk?

– Er ikkje dette valflesk i ei sak de har hatt til behandling lenge?– Nei. Valflesk er noko vi lovar å gjere etter valet. Denne saka er noko vi er i ferd med å gjere. Saka er sendt på høyring, og prosessen med å få den gjennom er sett i gang. Einaste eg ikkje kan svare for, er kva resultat som vil kome om departementet er styrt av andre enn oss når saka kjem til endeleg avgjerd. At det har tatt så lang tid har fleire grunnar. Vi har vore kjent med den lenge, men etter som tida har gått ser at omfanget av problemet har auka, og det same med presset for å få gjort noko. Vi har svært mange som pressar på for å få gjennom sine saker, og vi må behandle sakene på ein skikkeleg måte før vi kan gjere såpass store endringar som det er snakk om her, svarer Geir Pollestad. – Det er ikkje tvil om at kravet om CE for raske traktorar, og det påfølgande kravet om yrkessjåførkompetanse ved visse typar last, har vore urimeleg strengt.  


Viktig med trykk frå landbruket

Pollestad poengterer at innsatsen frå Norges Bondelag og påtrykket frå Bedre Gardsdrift har vore avgjerande for framdrifta i saka, ikkje minst gjennom brevet som departementet fekk bondelaget, TLIF og BG i februar. – Der fekk vi ei god liste med mange punkt vi ser at vi må jobbe med, og det arbeidet er godt i gang.