Du er her

– Steike!

Bjørn Oskar Tessem frå Beitstad nord for Steinkjer er svært godt nøgd med å vinne fire veker med Kubota i BG-nøttene.
Av BG-nissane
Publisert 28.12.2016 12:24

– Hallo, det er frå Bedre Gardsdrift. Du har deltatt i BG-nøttene, og då vi skulle trekke fire veker fri bruk av ein Kubota M7, kom namnet ditt opp. Høyrest det greitt ut?

– Ja, det er jo difor eg er med, svarer nordtrønderen Bjørn Oskar Tessem. Som ikkje enno har tatt innover seg at det BG-nissen prøvde å seie, er at han har vunne ein Kubota i fire veker.

– Eg stiller litt høge krav til meg sjølv. For eit par år sidan bomma eg på ein traktor på julaftan, og fekk berre 23 rette. I fjor og i år har eg klart alle 24. For å vere sikker på at eg svarer rett, har eg brukt litt tid på å dobbeltsjekke svara mine, så der er nokon i familien som synest  det har gått litt mykje tid i desember, forklarer den engasjerte 33 år gamle nøtteknekkaren.

Og no har du altså vunne fire veker fri bruk av Kubota-traktoren. Standhaftig innsats lønner seg!

– Kva du sa no? Har eg vunne?

– Ja, du har vunne!

– Steike! (stille, stille) – Oj! Dette er det næraste eg har vore lottogevinst!

Premien er sponsa av Kubota-importør Svenningsens. 

Ammeku og øko-drift

Bjørn Oskar er engasjert på heiltid i drifta på heimgarden, men har ikkje overtatt etter faren enno. Jorda er driven økologisk, mens båsfjøsen med ammekyr ikkje er godkjent som økologisk. Planen er å bygge nytt det næraste året, og gjennom det også gjere kjøtproduksjonen økologisk. I tillegg har familien både brøyting og gardssag.

Målet er å utvide drifta enda litt, så garden kan sikre fullt arbeid til både Bjørn Oskar og kona.

– Ho har jo ein sterkare fagleg bakgrunn enn meg, seier han som har agronomutdanning frå Mære. Kona har nemleg treårig utdanning i husdyrfag frå Høgskolen i Nord-Trøndelag.

Køyrer JD og Valtra

Dagens mekanisering består av ein John Deere 6430 Premium AutoPowr og ein Valtra 6850 HiTech. Forutan køyring på eige bruk, deltar Bjørn Oskar og faren i slåtten hos ein annan bonde i området med vesentleg større areal.

– Det er mange gongar vi har ønska oss meir trekkraft. Så det at premietraktoren er ein klasse større er berre bra, dette skal bli skikkeleg artig!

Meir i vente...

Bjørn Oskar er elles imponert over den store og velfylte premiesekken i BG-nøttene. Som han konstaterer: Den premiepotten der er verd mykje. Og Kubota-premien er berre den første av hovudpremiane vi har delt ut.

Er du i den imponerande flokken med minst 22 rette, kan det hende at også du får ein telefon i romjula. For enno er der 10 hovudpremiar å dele ut... Følg med!