Du er her

– Gildt med Sima-tur!

Ivar Tore Hetland Storhaug frå Helleland overtok garden for tre år sidan, og kan i slutten av februar pakke kofferten for å reise til Sima.
Av BG-nissane
Publisert 31.12.2016 12:56

Med adresse Helleland i Rogaland driv han heimgarden med 100 vinterfôra sau. I tillegg har han arbeid utanom bruket.

I årets julekalender fekk han 24 rette, og er med det velfortent kvalifisert for å vinne tur til Sima-utstillinga i Paris. Premien er sponsa av agenten for Sima i Noreg, Franske Fagmesser/Promosalons, og inkluderer reise, opphald og billett til messa. 

– Nokre oppgåver kravde litt leiting etter svaret, men det gjekk greitt, kommenterer Ivar Tore. Som tykkjer det skal bli gildt med tur.

BG-nissane gratulerer!

Nøkkelord