Du er her

Ære vere mjølkebilsjåføren!

Ein liten videofilm, som ei påminning om alle dei gode hjelparane vi har rundt oss i landbruket. Utan bønder ingen mjølkebilar, utan mjølkebilar ingen mjølkeleveranse.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 27.03.2017 22:49

At filmen er ein reklame for Scania er ikkje så nøye i denne samanhengen. Det vi blir glade av, er å sjå flinke folk som gjer ein skikkeleg jobb, ein svært viktig jobb, dag etter dag, år etter år. Slike som hjelper til så alle dei flinke bøndene kringom i landet konsentrere seg om jobben sin, og vere trygge på at dei førsteklasses råvarene dei produserer vert tekne trygt hand om. Uansett korleis vegen ser ut, over alt i dette flotte landet vårt.

Her er ein mann som lever av bøndene. Litt av inntektene går vidare til Scania. På bakveggen i førarhytta har han medlemsbladet til Norges Lastebileier-Forbund, som hjelper han å ivareta rettane sine. Han køyrer for Tine, som er eigd av bøndene. Vi i landbruket er avhengige av slike som han. Han, og alle han handlar med, er direkte eller indirekte avhengig av eit levande landbruk. Vi står sterkast om vi står saman.

Nøkkelord