– No blir det mindre gåing!

Ein dag i lamminga i fjor noterte Knut Haug seg 12 000 steg, og alt for mange av dei mellom fjøs og hus. Med kamerasettet han vinn i BG-nøttene, blir livet meir komfortabelt.

Publisert

– Eg har faktisk tenkt på å kjøpe kamera til fjøsbruk, for det er noko eg ser at et verkeleg kan ha nytte av, kommenterer sauebonden frå Tolga. Settet med fire trådlause kamera av typen EloCam, som einast treng straum for å funke, er gitt av EloTec.

I fjøset på den økologisk drivne garden står 50 vinterfôra sauer. Utfordringa framover for øko-drifta på garden er oppstallinga, etter at strekkmetallet vart lyst i unåde for økobøndene. Men elles har Knut Haug ganske god framdrift mot målet om ein meiningsfull økologisk produksjon. Til dømes jobbar han med å auke bruken av lokalt protein, gjennom å satse på lokalprodusert krossa bygg for å redusere bruken av meir langreist kraftfôr.

Han har drive garden sidan 2000.

– 50 sau er ganske passe, i og med at helsa mi ikkje er heilt på topp, nemner han.

Instagram-konkurransen er ei ny grein av BG-nøttene. Nissane oppmoda nøtteknekkarane om å merke bilete med #BGnøttene, noko mange har gjort. Veldig mange gode bilete er merka, og BG-nissane tykte det var ein stri jobb å plukke ut finalistane. Vinnaren vart kåra ved at alle BG-nissane plukka fram sine favorittar, så vart det loddtrekning i finalen.

Knut Haug publiserer Instagrambilete under signaturen Gyldentand. I løpet av desember er ei rekkje bilete frå den kanten merka med #BGnøttene, som til dømes ein dag då det var ulydar i rundballekuttaren: Trodde det var en av #bgnøttene som lagde ulyder i Serigstaden, men det viste seg å være en stein. 😜

Elles har vi fått vere med på kvardagsliv og fjøsstell, vi har sett utsikt og fått innsikt i livet som nøtteknekkar. Klikkar du deg inn på Knut sin Instagram-profil, kan du bla deg bakover og glede deg saman med BG-nissane.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS