Østebø beitepussar i aksjon i bratt lende. Pressefoto

Østerbø feirar 10 år for beitepussaren

Det er ti år sidan Østerbø beitepussar ble introdusert her til lands. Trass navnet er maskina frå Italia.

Publisert

– Dette er ei god og stabil maskin og vi får mange gode tilbakemeldingar frå kundane våre, fortel Rømo.

Starta i Italia

Maskina frå Østerbø kjem eigentleg frå Italia. Det var på ei messe der for over ti år sidan at Arne Olav Østerbø kom over beitepussaren.

– Det er nesten så vi kan kalle det kjærleik ved første blikk, fortel han..

Han såg potensiale i maskina og fekk etterkvart avtale om import på.

Prøvekøyring

Østerbø beitepussar i 2013, da Bedre Gardsdrift prøvekøyrde maskina.

Beitepussaren har forandre seg ein del sidan den første kom til landet. Vi omtalte den første gong i 2009.

Nokre år seinare, omtalt i Bedre Gardsdrift nr. 5/2013, prøvekøyrde vi maskina. Du kan sjå video frå prøvekøyringa her.

Stabil i bratt lende

På lageret står årets modell klar.

– Den har Y-knivar som er lett å skifte enkeltvis. Med ei arbeidsbreidde på heile 87 cm er den meir effektiv enn dei fleste andre på marknaden, seier Rømo.

Beitepussaren har tvillinghjul som standard. Det gjer at den er stabil i bakkar og kjem til der traktorpussaren må gi tapt.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS